Lease eller kjøpe? - Jæren Regneskapslag

Fagartikkel

Lease eller kjøpe?
Kva er leasing?
Når du leaser, leiger du utstyret frå leasingselskapet for ein avtala periode. Det er altså leasingselskapet som er eigar av utstyret.

Leiga dekker renter og avdrag, i tillegg vert det berekna moms, samt termingebyr.

Ved inngåing av leasingkontrakt, vert det som oftast kravd ei forskotsleige før ein kjem fram til berekningsgrunnlaget for leasinga, jf. nedanfor. Leasingbeløpet vert berekna som forskotsvis annuitet, dvs. du betaler eit likt beløp pr. termin beståande av sum renter og avdrag.

Brutto fakturabeløp
- merverdiavgift
= investert kapital

- forskotsleige (max 35%)
= berekningsgrunnlag

Det er to former for leasing:
1. Finansiell leasing
  • ordinær leasing, vert nedbetalt til kr. 0, eller
  • med restverdi, som vert betalt delvis ned Kunden betalar alle driftsutgifter​
     
2. Operasjonell leasing
  • Vert kombinert med tenester m.m. som t.d. rekvisita, vedlikehald og forsikring, dvs. inkluderar ein del av driftsutgiftene
  • Kan seiast opp på kort varsel
  • Som regel leverandøren som er bortleaser
     
Når leasingperioden er ferdig, kan objektet:
  • leverast tilbake
  • leasast vidare til redusert leige, vanlegvis ei månadsleige pr. år
  • kunden kan be om å få kjøpe ut objektet. Pris kan ikkje avtalast på førehand, i praksis er kjøpesummen 1-3 månadsleiger

Kva kan leases?
Leasingobjektet må vera eit sjølvstendig objekt som må kunne flyttast, og det må kunne avskrivast for leasingselskapet.

Driftsbygningar vil difor vera problematiske å lease. For å kunne godkjenne leasing av husdyrinnreiing og liknande må den ikkje vera bolta eller skrudd fast i golvet, den må vera lett flyttbar og ikkje tilpassa eit bestemt husdyrrom. I praksis betyr dette at fjerning av leasingobjektet ikkje må øydelegge bygget.

Når skal du lease eller låne?
Leasing er mest aktuelt:
  • for leasingperiode 3-6 år. Kortare leasingperiode gjev for store likvide utlegg tidleg i perioden
  • ved høgt rentenivå
  • ved låg avskrivingssats=lang avskrivingstid for investeringsobjektet
  • ved høg marginalskatt (over grensa for toppskatt), då vil leasing redusere inntekta og dermed toppskatten

Andre moment å ta med i vurderinga:
  • leasing krev god likviditet i leasingperioden
  • ved lån med pant i fast eigedom til objektet vert det normalt oppnådd lågare lånerente enn leasingrente. Dersom du bare har ledig pant i lausøyre, kan det oppnåast lågare leasingrente enn lånerente
  • leasingrenta er høgare enn renta du vil kunne oppnå på ledig eigenkapital
  • leasing krev normalt ikkje pant, og belastar dermed ikkje låneramen

Ved leasing må du vera OBS på:
  • leasing er ikkje skattesparande dersom du ikkje får nytta jordbruksfrådraget. Dvs. ved overskot i primærnæring under kr. 328.500 vil ein miste jordbruksfrådrag. Då bør ein ikkje lease.
  • desto seinare på året investeringa vert gjort, desto meir lønsamt vert det å låne til investeringa. Du får full saldoavskriving anten du investerer 05.01, eller 30.12., medan leasingfrådraget vert gjort ut frå tal månader avtalen gjeld.
  • at leasingselskapet alltid vil legge mva på terminleiga, uavhengig av type objekt og uavhengig av om leaser vil kunne få frådrag for denne leiga. Dermed vil leasing i utgangspunktet bli 25% dyrare for ein leaser som ikkje får frådrag for mva.

Når må/bør du velje lån i staden for leasing?
  • når investeringsobjektet ikkje er ei sjølvstendig eining/objekt, dvs. når:
    • objektet ikkje kan flyttast
    • objektet skal føyast saman med noko anna
    • det er behov for oppgradering av objektet i leasing/eigarperioden
  • meget lang levetid for objektet
  • for ikkjeavskrivbare objekter
  • ønsker valfridom med omsyn til tilbakebetaling
    • Raskare nedbetaling av lån, eller selje utstyret tidlegare enn først planlagt
    • Forlenge nedbetalinga av lånet
 

Alle fagartikler: