Framtidsretta fjøs er gruppeinndelt - Jæren Regneskapslag

Fagartikkel

framtidsretta fj s buskap 5 2013-1
Framtidsretta fjøs er gruppeinndelt
Kor stort produksjonsvolum eit nytt fjøs skal byggast til kjem an på mange faktorar. Kva som er «rett» storleik skal vera usagt, men i Rogaland var det i 1998 i snitt 93 566 liter mjølkekvote pr. føretak som leverte mjølk. I 2011 var talet 182 596 liter, ein auke på 95 prosent. Kor fort utviklinga kjem til å gå neste 15–20 år vil tida vise. Men vi er overbevist om at du må fokusere på moglegheitene og sørgje for å ha eit økonomisk handlingsrom for å utvikle deg. Då må vi tenke bygningsløysingar og logistikk som gjer det enkelt å utvide produksjonen til ein overkomeleg kostnad.

Framtidsretta fjøs = fokus på logistikk
Nytt fjøs er ei stor investering – og det skal vera ei framtidsretta løysing. Dette oppnår du ved å tenke logistikk både inne i fjøset, og ved plassering av fjøset i forhold til beite, fôrlager, gjødsellager og andre bygningar. Start med å skissere korleis du ynskjer at garden og produksjonsomfanget skal vera om 15–20 år, ut frå dine ynskjer og planar for framtida. Det er kanskje offensivt og uoversiktleg å tenke så langt fram. Men vår erfaring er at mange av dei som byggjer i dag, kjem til å gjennomføre neste byggetrinn innanfor 5–10 år. Konkretiser allereie nå kva som vil vere neste byggetrinn.

Planlegg slik at du oppnår logistikkløysingar som gjev gode arbeidsforhold, godt dyremiljø og – flyt, samt gjev utvidingsmogleheit og enkel transport.
plantegningFokuser på kostnadsnivå
Fjøs med same produksjonsvolum kan byggast med relativt store forskjellar i kostnad, avhengig av val av bygnings- og teknikkløysingar. Desse vala må du som bonde ta, ut frå dine ynskjer om driftsopplegg, økonomiske prioriteringar, klimatiske forhold og dine tekniske kunnskapar. Vi har kalkulert eit reint mjølkekufjøs på ca 650 kvadratmeter til 43–45 kyr med mjølkerobot, med forskjellar i bygningane og kostnadsnivå som går fram av tabell 1 og 2.


Tabell 1. Forskjellar i bygning med høgt og lågt kostnadsnivå
Bygnings-element Høgt kostnadsnivå Lågt kostnadsnivå
Bygningskonstruksjon og isolert/uisolert Stålbuar, isolerte betongelement alle vegger, sandwichelement på tak, mekanisk ventilasjon Stålbuar, uisolerte betongelement på kortvegger, sprekkpanel 2,5 m høgde over 0,5 m høgde betongvegg langsider, uisolert tak med fibersementplater, naturleg ventilasjon
Golv i gangareal  Spaltegolv over kanalomrøring, skraperobot Fast golv med gummimatter i alle gangarealer, gjødselskrape kjettingtrekk
Grovfôr-handtering  Fullfôrblander med bandutfôring Minilaster
Gjødsellager Rund kum ca. 1.000 m³ + ca. 400 m³ i kanalar Rund kum ca. 1.500 m³
 
Tabell 2. Kostnader fjøs høgt og lågt kostnadsnivå
Kostnadsnivå Høgt Lågt
Grunnarbeid 230 000 180 00
Betongarbeid 700 000 510 000
Overbygg 1 570 000 1 220 000
I- mek 2 540 000 2 050 000
EL og VVS 450 000 450 000
Gjødsellager 210 000 260 000
Uføresett ca 5 prosent 280 000 230 000


Prisnivået frå Rogaland
 
Bygningskonstruksjon
Dei to bygga i dømet er direkte samanliknbare og basert på kjente løysingar konstruksjonsmessig. Med relativt smale bygg står du ganske fritt til å velja andre konstruksjonar enn det som er valt her. Bygningskonstruksjon er ikkje bare eit spørsmål om val av stål, tre, dimensjonar og snølaster. Det er også avgjerande kor lang levetid vi bygger til, for bygg med lang levetid kostar mykje. Vi skal ha tilstrekkeleg solide og funksjonelle bygg som tåler stormar. Men det skjer mykje utvikling innanfor teknologi, driftsopplegg og dyrevelferd i løpet av 25 år. Dermed kan fjøset fort bli utdatert og lite tidsmessig til det føremålet det blei bygd til, før sjølve bygningskonstruksjonen er nedsliten. Til dømes er ein del lausdriftsfjøs frå 1990-talet bygd med for små mål til dagens forskriftskrav til ku, men dei kan vera eit eigna ungdyrfjøs.

Isolert eller uisolert bygg
Her vil naturlegvis lokale klimatiske forhold spele inn. Uisolert bygg vil fungere i store deler av landet, særleg i kystsona. Spørsmålet som må stillast er kor lange og harde frostperiodar vi har, som gjer at det blir vanskeleg og dyrt å sikre vatn- og gjødselhandteringa mot frost. Isolert tak vil vera aktuell mellomløysing som kan redusera varmetapet i kortare periodar på vinteren.

Gangareal
Støyping av flyterenner og gjødselkanalar med spaltegolv over krev mykje arbeidstimar og betong. Dette vert difor ei dyr løysing, og det er til dels store lokale forskjellar rundt i Noreg i prisar på betong og kor dyr arbeidskrafta er hjå betongentreprenørar. I tillegg varierer prisen på betongspalter betydeleg. Dette må takast med i vurderinga i forhold til referansegrunnlaget med fast golv og skrape.

Grovfôrmekanisering
Korleis grovfôrhandteringa skal vera i fjøset kjem i høg grad an på fôringsopplegget og kor mykje pengar du vil legge i automatisering av dette. Dess meir automatisering og mekanisering, dess flinkare bør du vera til å fikse og vedlikehalde utstyret for å unngå dyre innleigde mekanikartimar. Det er grunn til å stille spørsmål med kva meirverdi dyrt mikseutstyr fører til på botnlinja, dersom grovfôret i all hovudsak består av surfôr, og kraftfôr blir tildelt i kraftfôrautomatar og mjølkerobot. Robuste og enkle driftssikre løysingar er kanskje meir arbeidskrevjande, men gjev lågare kapitalkostnader.

Bygg fjøs for ulike dyregrupper
I Noreg har vi tradisjon for at alle dyregrupper; kyr, kalvar og ungdyr, skal vera under same tak. Skal vi bygge nytt lausdriftsfjøs med ei slik løysing vil bygget få ein breidde på ca. 23–32 meter, avhengig av kor mange ungdyr og oksar vi skal ha, samt breidde på fôrbrett. Dermed vert ofte grunnarbeidet dyrt med mykje masseflyttingar og eventuell fjellsprenging, sidan det mange stader i Noreg er vanskeleg å finne flat byggetomt til så store bygg.
Frittstående nybygg kun for mjølkeproduksjon hos Andreas Joa på Jæren. Foto: Inga Skretting
Starte med mjølkekufjøs
Må vi nødvendigvis bygge slik? Vi kan starte med å bygge eit smalare og mindre bygg bare for ei av dyregruppene i fyrste byggetrinn. Til dømes eit reint mjølkekufjøs med fôring og mjølkesystem, sidan det ofte er aktuelt å auka mjølkeproduksjonen gjennom samdrift eller kjøp/leige av kvote. Så kan gamlefjøset, etter ei eventuell mindre ombygging, bli nytta til kalv og ungdyr fram til neste byggetrinn er mogleg. Dermed vil vi kunne bygge nytt fjøs rimelegare både på grunn av billigare konstruksjonsløysingar og mindre grunnarbeid. Total investering vil bli fordelt over fleire år, og renter og avdrag vil ikkje presse likviditeten så hardt. Fjøs for bare ei dyregruppe er enkle å utvide og meir fleksible, og det er lettare å få god logistikk. 

Kva for dyregruppe som skal prioriterast fyrst må vurderast ut frå kva gamlefjøset er best eigna til i x år framover, og ut frå dyrevelferd, dagleg arbeidsrasjonalisering, og kva som gjev best inntening og økonomi.

Økonomi ved delt byggeløysing
Kva vil ei løysing med to fjøs koste, det vil seie reine ku- og ungdyrfjøs, samanlikna med eit fjøs med alle dyr under same tak?

Dømefjøsa i tabell 2 blir utvida med ei ungdyrrekke på andre side av fôrbrettet, slik at det blir plass til ca. 45 kviger og kalvar, i tillegg til 43 kyr (sjå tabell 3). Det er altså ikkje plass til oksane. Det er lagt inn nødvendig auke av gjødsellager. Bygget er på totalt 867 kvadratmeter. Eit reint ungdyrfjøs på 440 kvadratmeter med plass til 56 kviger og kalvar har vi kostnadsberekna til kroner 2 000 000. Dette er bygd på same måte som kufjøset med lågt kostnadsnivå.

Tabell 3. Kostnad ved ulike byggeløysingar og kostnadsnivå
  Lågt kostnadsnivå Høgt kostnadsnivå
  Delt løysing Alt i eit bygg  Delt løysing  Alt i eit bygg
Kufjøs  4 950 000  5 850 000  6 120 000 7 050 000
Ungdyrfjøs 2 000 000    2 000 000   
Sum  6 950 000  5 850 000 8 120 000  7 050 000


Prisnivå frå Rogaland
 
Kufjøset vert bygd i år 1, og nytt ungdyrfjøs vert bygd i år 10. Dette gjev årlege utgifter til renter og avdrag som vist i tabell 4. Total byggekostnad, og dermed rentekostnad, vil bli høgare ved ei delt byggeløysing i dette tilfellet. Men vi får ei forskyving av total kapitalbelastning pr. år i tid, slik at vi reduserer maksimalbelastninga etter 1. byggetrinn. Dette gjev større handlefridom. Sidan dei fleste har eksisterande gjeld på garden, vil denne forskyving i kapitalbelastning vera verdifull i den fyrste perioden etter bygging og eventuell utviding av produksjonen. Ved utviding av produksjonen vil det også vera behov for å utvide dyretalet, samt eventuelt kjøp av kvote og større maskinar. Dette kjem på toppen av bygningsinvesteringa. Innkøyringsproblem av produksjonen i nytt fjøs førekjem også. Alt dette presser likviditeten.

Tabell 4. Renter og avdrag for ulike bygningsløysingar til mjølkeku og ungdyr
  Investering    Årleg beløp renter og avdrag  Sum renter
  Kroner  År  År 1–10  År 11–20  År 21–30  20 år lånetid
Kufjøs 4 950 000 1 464 000  464 000    4 322 000
Ungdyrfjøs  2 000 000  10    187 000  187 000  1 746 000
Sum  6 950 000   464 000 651 000 187 000 6 068 000
Alle dyr under eit tak 5 850 000 1 548 000  548 000    5 108 000
Differanse  1 100 000    -84 000  103 000 187 000  960 000


Berekninga er ut frå 20 års annuitetslån med 7 prosent rente, 2 terminar pr. år, etterskotsvis renteberekning
 
Større fleksibilitet med delt løysing
Delt løysing gjev altså to fjøs som er enkle å utvide når tida er moden, og løysinga gjev større fleksibilitet. Til dømes er det plass til åtte mjølkekyr ekstra i kufjøset ved ei lita rokkering på planløysinga og flytting av sinkyrne over i ungdyrfjøset. Dette er ikkje mogleg i løysinga med alle dyr i same bygg, fordi det er ikkje plass på ungdyrsida av fôrbrettet til å flytte sinkyrne over.

Vår konklusjon er at det er svært aktuelt å dele eit fjøs opp i fleire bygg for ulike dyregrupper når målsettinga er få ein rimeleg stor produksjon over tid. Ei slik løysing gjev rom for fleksibel og gradvis utvikling av produksjonen og ein god og arbeidssparande logistikk. Samtidig kan ein få større økonomisk handlingsrom i periodar ved at den totale byggekostnaden blir fordelt over lengre tid.

Her kan du laste ned artikkelen »
 

Alle fagartikler: